Essay

OM SLAKTING

Joledemonar: Tradisjonar er greie på den måten av ein slepp å tenke og vere original.

RITUAL: I Noreg vart julegris vanleg frå 1800- talet, men slaktartradisjonen har lange røter. ILLUSTRASJON: «GRISESLAKTAREN» (1600-TALET) AV ADRIAAN VAN OSTADE, WIKIMEDIA RITUAL: I Noreg vart julegris vanleg frå 1800- talet, men slaktartradisjonen har lange røter. ILLUSTRASJON: «GRISESLAKTAREN» (1600-TALET) AV ADRIAAN VAN OSTADE, WIKIMEDIA

På seinhausten dei siste åra har eg vore med og slakta gris i lag med to av syskena mine. I den same verkstaden der far vår slakta gris då me var små. Tolv gris, tre dagar. Slaktedagane blir bestemt av månefasen, sidan bror min og syster mi har bestemt seg for å tru på at blodet renn betre når månen er ny. Desse dagane er heilage i kalenderen, eit årleg ritual, eg gler meg alltid like mykje som eg gruar meg. Alvoret i å avslutte dei tolv liva utan stress og med presisjon, det krevjande kroppsarbeidet, dei dårlege vitsane, samarbeidet og hierarkiet oss imellom. Det er ein gamal tradisjon å slakte på seinhausten, så skrottane kan henge i passeleg låg temperatur, før ein skjer dei ned, findelar, kvernar, saltar, røyker og pakkar. Etterpå er hendene fulle av kutt og frysaren full av kjøt, det er ei eiga form for rikdomskjensle. Det er matauk for eit heilt år, men også ei førebuing til jol, då me skal ete den finaste ribba, den største steika, sylte og leverpostei. Ein kan tenke på høgtida med litt mindre ambivalens.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Bokmagasinet

Nordisk råd

Korleis ser eigentleg Sveriges kultur­mi­nister på offentleg støtte til kulturen?

Essay

Dette er ikke et forsøk på å redde Alice Munros forfat­ter­skap. Det trenger ingen redning.

Kommentar

En ny bok om KI i arbeids­livet gir et frampek mot en verden av lettkjøpt middel­må­dighet.