«Vi er for å bygge ut gode vindkraftprosjekter i Norge», seier finanspolitisk talsperson i SV Kari Elisabeth Kaski til Klassekampen 30. november. Nasjonal ramme for vindkraft på land kartlegg for tida eit areal tilsvarande halvparten av Noreg for vindindustri. Ny analyse av tidsskriftet Pan og Topps.no syner at 37 prosent av urørt natur vert vurdert for vindturbinar.