Advent var opningsord førre veke. I dag vert det desember, årets siste månad. Faktisk tyder det ‘den tiande’, for decem på latin er ti. Tenk på desimeter, desiliter, desigram – alle har med ti å gjera; desimeter er ein tidels meter. Og verbet desimera; det var opphavleg å ta ut kvar tiande mann, som straff, i ei gruppe med soldatar.
I den tiande månaden fødde ei tjukkfallen ung kvinne ein bergar.