15. november 2018 fekk forfattaren Olav Sletto ei orsaking frå leiaren i Den norske Forfatterforening, Heidi Marie Kriznik, for urettvis handsaming etter andre verdskrigen. Sletto var ein av dei 17 orsakinga galdt. Stemninga var prega av takksemd. Orsakinga har gjort ein forskjell for mange av dei, mellom anna for Olav Slettos etterkomarar. Den norske forfatterforening oppretta sin æresrett i 1945, og foreininga si orsaking 73 år etter var av prinsipiell art. Under pressekonferansen var to barnebarn, eitt oldebarn, og andre råka i familien til stades. Dei var takksame for orsakinga. Oldebarnet, Tiimo Schulze, takka på vegner av etterkomarane.