Identitetspolitikken har teke brodden av Spice Girls. Scary, Baby, Ginger og Sporty kjem saman igjen – utan Posh – for nokre kjappe og inntektsbringande konsertar på vårparten. Underteikna har sjølvsagt skaffa seg billett til konsert i London. Men snart kom første skår i gleda: Spice Girls avlyser heile slagordet «Girl Power».