Hedda Gabler er ingen ressursperson og banar ikkje ny veg.
Solveig Aareskjold
REINE BAKSTREVAREN: Hedda Gabler, her frå Torshovteatret. REINE BAKSTREVAREN: Hedda Gabler, her frå Torshovteatret.
På grunn av dei mange og store kvinnerollene er Henrik Ibsen rekna for ein føregangsmann for likestilling. I praksis har han nok fungert sånn òg, fordi personane i skodespela hans er så livaktige, og konflikten med samfunnsnormene så lett å kjenna seg att i. Men dei løysingane dei ser for seg, fører sjeldan fram.