Sprengkrafta i Deeyah Khan sin siste film vart visst for utfordrande når NRK skulle lage norsk tittel på denne unike dokumentaren. Med tittelen «Deeyah Khan: I møte med fienden» og ikkje minst filmplakaten (som viser ei bekymra Khan framfor ein gjeng swastikaveivande amerikanske nynazistar) får filmen ei tematisk vriding der fokuset kjem på (den modige) Khan og hennar (modige) møte med hennar (feige?) fiende. Det at det er dei høgreekstreme som er Fienden, vert det opplagte, det sjølvsagte og det underforståtte.