12. sep.
Hos keisaren Etter at den vestre delen av Romarriket hadde falle frå einannan, stod austdelen ved lag i meir enn tusen år, ein avansert sivilisasjon som verka sterkt inn på den norrøne kulturen. Her til lands har det likevel vore påfallande lite interesse for denne sida ved fortida. Så det kjem vel med at professor Christine Amadou no har gjeve ut «Bysantinerne. Den lange historien».
Det austromerske eller bysantinske riket, alias det gresk-ortodokse keisardømet, hadde Balkan og Anatolia som kjerneområde, men fordi der alltid var krig med nabofolka, auka og minka det dramatisk frå hundreår til hundreår. Hovudstaden var storbyen Konstantinopel ved innsiglinga til Svartehavet, som folk her i nord kalla Miklagard då han var på sitt mest kraftfulle, og tyrkarane forkorta til Istanbul då dei erobra han i 1453. På den tida var det berre restane att, for han var nær på blitt lagd i grus av eit korstog som gjekk av sporet i 1204, eit årstal som Amadou ofte vender tilbake til.
Solveig Aareskjold