Alt hadde vore vel og bra om det ikkje var for at eg hadde oversett ei sak: Eg mangla slipestein.

Ljåslått

SLIPESTEINSVALSEN: Ljåslipinga var kveldsarbeid. Ljåane måtte vere nyslipte til neste morgon, særleg når det var varmt og tørt – då var det om å gjere å komme seg opp og ut mens det ennå var dogg i graset. UKJENT FOTOGRAF, LUSTER, SOGN OG FJORDANE OMKRING 1949, NASJONALBIBLIOTEKETS BILETSAMLING

Eg har gitt opp! Eg har resignert og tatt steget inn i den nye tid. Eg har gått over frå ljåslått med «manuell» til ljåslått med «motorisert langorv». Men det har ikkje skjedd utan motstand, og det har kvervla opp refleksjonar frå min barndoms ljåslått og ei tid som for lengst er forbi.

Med andre ord