Det er få ting som er så gledeleg som når nokon av rein kunnskapsløyse tråkkar rett inn i eit minefelt. Førre veke var det Universitetet i Agder (UiA) som stod for eit slikt underhaldande feilsteg – dei presterte å legge seg ut med nynorsk. Det vil seie, dei kunne jo ikkje innrømme det heilt utan vidare, såpass skjønte dei sjølv òg. Dei ville berre stille foreslå at staten skal lempe på kravet om minimum 25 prosent av kvar målform, og det tyder jo openbert ikkje nynorskmotvilje, sa Universitetsdirektør (og tapt politisk talent) Seunn Smith-Tønnesen til Forskerforum. Hehe.