Opprøret: I ein empirisk vel fundert bok viser Ola Tunander korleis Libyakrigen var muleg.

Destruksjonen av Libya

MOTSTAND: Det var sterke krefter som ville avskaffe Gaddafi-regimet i Libya. Her under ein demonstrasjon nord i Benghazi sommaren 2013. FOTO: ABDULLAH DOMA, AFP/NTB SCANPIX ABDULLAH DOMA

Frå og med våren 2018 ligg det føre ein grundig studie av bakgrunnen for og inneburden av Natos regimeskifte-krig i Libya på norsk, nemleg boka «Libyakrigen». Forfattaren er Ola Tunander, konfliktforskar og militæranalytikar, professor emeritus ved Universitetet i Oslo. Han har levert ein grundig dokumentert analyse av korleis dette illgjerningsverket blei muleg, og han har presentert saka på ein oversiktleg måte. Visse avgjerande detaljar blir nærare undersøkte, samtidig som det store bildet blir tydelegare. Tunander gjer det tydeleg at ulike typar aktørar med heilt ulike typar agenda hadde same mål, nemleg å avskaffe Gaddafi-regimet.

Bokmagasinet