Idrett 4. aug.
Snakk om å score mål! Det er sjeldan i dag at skrivande treffer så mange mål på så kort spalteplass som Stephen J. Walton gjer med stykket «Skalkesjulet» (Klassekampen 31. juli) om toppidrett.
Det einaste eg saknar, er fylgjande parentes om korleis totemdyrking – det meir eller mindre symbolske mordet på patriarken – i dag, som i steinalderen, lever i beste velgåande: Det som var i ferd med å utvikle seg til harmlause, tilbaketrekte religiøse klikkar, med Facebook som alterspegel, gjer nå sitt beste for å flytte nattverden attende til blodig lemlesting på gateplan under dei glorete fanene til ultranarsissismen. Folket manifesterer korleis dei kan ro utan årar, men slett ikkje kan unnvere helten sin utan å felle tårer. Ødipus vender heim med ein utstoppa vaskebjørn under armen, som dermed blir folket sitt protototem anno 2026.
Vi kan vise til dei få evolusjonistisk og psykologisk klårsynte i verda så mykje vi berre maktar, utan at det endrar den kollektive blindsona som konstituerer spelereglane:
«Den kompakte majoriteten» av sjølvrettferdige supporterar vil til alle tider velje seg dommarar som tiltalar og avrettar oss for sjølvmål – ikkje fordi vi sjølve har sparka i ballen, men fordi vi vågar å peike på dei kreftene som styrer bana og retninga ballen går i.
Ivar Orvedal