Dei to Oslo-baserte konsulentselskapa Oslo Economics og Atkins Norge har rekna ut at Stad-tunnelen vert skikkeleg ulønsam. Etter min forstand so kan han verta lønsam, same korleis ein reknar. Mellom anna kan ein få eit hurtigbåtsamband mellom Ålesund og Bergen dagleg. Det vert ikkje som Jens Kihl skriv i Klassekampen 2. juni, ein snarveg med ny tunnel. På kartet er han lenger enn utom i havet. Vegen vert derimot sikrare og mindre veravhengig.