Under andre verdskrigen var det 97.000 sovjetiske krigsfangar i Norge, og over 10.000 av dei døydde grunna sjukdom, svelt, drap eller umenneskeleg slavearbeid. På den 14 mil lange strekninga frå Mo til Fauske arbeidde 12.000 sovjetiske krigsfangar som slavar med å bygge Nordlandsbanen. Alt i full forståing med det norske NSB som etter krigen dekka over det heile, og der leiarane fekk halde fram som om inkje var skjedd. Dette var ei gløymt historie heilt til journalisten og forfattaren Bjørn Westlie dokumenterte det meste i boka «Fangene som forsvant» frå 2015.