Ukraina-krigen 8. sep.
Angrep er sjølvforsvar Arild Rønsen, takk for svar i Klassekampen 4. september, og for støtta til luftforsvar. Dessverre er ikkje det nok.
Hovudpoenget mitt er at når Rønsen vel å sidestille Russland og Ukraina ved å påstå at begge no går etter sivile mål, så er det feil, og det dekker over kva brotsverk russisk imperialisme dagleg gjer seg skuldig i. Det er difor Støre som har rett, ikkje Rønsen. Russland skil ikkje mellom sivile og militære mål, har aldri gjort det, og kan heller ikkje, som Rønsen seier, «ha mista av syne» forskjellen.
Når Rønsen påstår at Wildberries er eit sivilt mål med så enkle argument som at «selvfølgelig kan elektronikk brukes av soldatene, som også helt sikkert trenger klær, sko og matvarer», ser han forbi at det er grundig dokumentert at Wildberries fungerer som ein logistikkhub av (også) militært utstyr. Nyheitsbyrået Associated Press har gått gjennom «dual-use»-varer, og viser at det blir reklamert for «SVO» (special military operation).
Gro Byrkjeland