Frp har i årevis snakka om at Noreg treng ein innvandrarrekneskap. Men kva om Noreg heller bed om ein Frp-rekneskap? Då ville du fått vite litt av kvart. Rekneskapane i Frp følgjer ikkje landsmøtepapira, men vi får vite meir på den glimrande nettstaden partifinansiering.no. Der kan du lese at Framstegspartiet sentralt i 2016 hadde rett i underkant av 54 millionar kroner i inntekter.