Mens stortingsfleirtalet opnar for eggdonasjon, tar Ap eit skritt vidare og opnar for mitokondriedonasjon, som gir barnet DNA frå mor, far og eggdonor. Dette vil Arbeidarpartiet gjere lovleg for å hindre overføring av sjukdommar som kjem av defekte mitokondrier, skriv NRK.