Det er på tide å tenkje nytt rundt au pair-ordninga (eller aurdninga, som det kanskje burde heite). Det er ikkje mi oppgåve å fortelje folk kva slags yrke som er meir eller mindre velfungerande. Det er vel likevel sånn at vi ikkje har så mange andre bransjar der frivillige organisasjonar må etablere eigne hjelpesenter, eller der heile yrket ville forsvinne om nokon kom på å innføre vanleg løn. Det ser likevel ut til at Stortinget framleis vil halde si hand over au pair-ordninga. Då kan det vere på tide med ei reform, og her er mine framlegg: