Både det gamle og det nye testamentet blir betre utan religion.
Solveig Aareskjold, forfattar
Det blir lite att av den vestlege kulturarven dersom me kuttar alle band til den religiøse fortida vår. Både biletkunst, musikk, litteratur, arkitektur og tidsrekning er forankra i eldgamle forteljingar frå Jødeland. Ingen hadde fått påskeferie om det ikkje var for krossfestinga på Golgata.