Ståa, stoa og stoden

NAOB – den nye utgåva av Riksmålsordboka – er lansert, og liksom Ingunn Indrebø Ims understrekar i Klassekampen den 1. februar, er det ei stor hending. Det er ein svir å lese alle sitata som syner bokmålets rikdom frå klassisk dansk til Øystein Sunde. Hennar kritikk, at bruken der er i utakt med moderne bokmål, overraskar neppe redaktøren, Tor Guttu, som svarar i 3. februar at NAOB «nøyer seg med å vise andre former i sitater».

Debatt