Farvel til plogen

I Klassekampen 18. januar skriv Bjørn Vassnes ein interessant artikkel om soga til plogen. Men det er noko som skurrar. Eg trudde eg hadde ganske god kunnskap om årsakene til at plogen i stor grad er blitt fasa ut, men eg har ikkje høyrt før at det er på grunn av at mikrolivet har forsvunne. Det er elles underleg at det skal ha skjedd så snøgt dei siste ti-åra, når plogen har vore i bruk i tusenvis av år. Ein skulle tru at dyrelivet i jorda var tilpassa plogen.

Debatt