Talespråk, Rønsen?

I fredagsspalta si, som eg som regel les med glede, refererer Arild Rønsen 22. desember ein TV 2-debatt mellom meg og Trond Vernegg og framstiller det som om eg ikkje veit forskjell på skriftspråk og talespråk. Det gjer eg sjølvsagt. Poenget mitt er at det nynorske skriftspråket best representerer dialektmangfaldet i Noreg. I nynorsken finn eg igjen systemet i det tradisjonelle talemålet i vest, aust, sør og nord, og også talemålet i Østfold, der eg kjem frå.

Debatt