I gamle dagar var det eit adels- merke å aldri betala skreddaren.
Solveig Aareskjold, Forfattar
Kloke hender: Mattias Tesfaye har skrive klokt om handverk. Morten HoltumKloke hender: Mattias Tesfaye har skrive klokt om handverk. Morten Holtum
Det skjedde i dei dagar då telefonen braut saman kvar gong det var torever, at det stod ein mann med verktøykasse utanfor døra klokka halv ni ein kveld. Dette skulle vera ordna i ein fei, sa han mens han trødde ut or skorne og skunda seg på sokkeleisten gjennom gangen og stova fram til den inste kroken i kammerset, der leidningane kom inn gjennom veggen.