Gert Nygårdshaug (23. september) er misnøgd med Bjørgulv Braanen som redaktør i Klassekampen. Han meiner venstresidas avis ikkje skal ha «intervjuer og omtaler av biskoper, kirkemøter og kristne aktiviteter, og faste spaltister som bekjenner seg til kristen overtro»: Det samfunnet venstresida kjempar for, skal ha same religionspolitikk som ein hadde i Sovjetunionen. Men 70 år med ateistisk styre førde ikkje fram. No seier 70 prosent av russarane at dei trur på Gud, her er prosenten 37. Dette fær ikkje Nygaardshaug til å undra seg: Kva er det med menneska som gjer dei religiøse?