Politikk er litt som været: det kan endra seg mykje frå dag til dag og det er vanskeleg å spå korleis det vil sjå ut neste år – eller ved neste val. Men over tid dannar politikk, som været, eit klima, der støy frå årlege variasjonar vik plass for mønster og trendar som gjer det lettare å seie noko om utviklinga.