Politiske motstandarar reagerer kraftig på at Sylvi Listhaug har oppfordra lærarar til å melde frå til styresmaktene dersom asylsøkar-familiar reiser til heimlandet på ferie. KrF-leiar Knut Arild Hareide seier til dømes at Listhaug oppfordrar til «angiveri». Reaksjonane er fullt forståelege: Innvandringsministeren går nok ein gong til angrep på flyktningar og asylsøkarar. Ho gir inntrykk av at det er eit omfattande problem at asylsøkarar reiser til heimlanda, sjølv om UDI opplyser at dei totalt handsamar 78 saker om slike tilfelle. Oppmodinga til lærarane om å melde frå om slikt er også problematisk, sidan dei har teieplikt om elevane sine. Likevel bør motstandarane til Listhaug vera merksame på at dei reagerer på akkurat den måten som statsråden ønsker og som tener Frp.