Media, også Klassekampen, skriv om valskred og overveldande siger for Emmanuel Macron i valet på ny nasjonalforsamling i Frankrike. Men Macrons parti fekk bare 28 prosent i eit val der bare 49 prosent av dei som hadde stemmerett, deltok. Gangar me dei to tala, ser me at bare 14 prosent av dei som hadde stemmerett, stemte på partiet hans. Ikkje veldig imponerande. I andre valomgang deltok bare 43 prosent. Det verkelege valskredet, var «valskredet» av heimesitjarar! Franskmenn flest fann ikkje eit parti dei ville støtte. Dei ville tydelegvis ikkje støtta Macron. Det må tolkast som ein stille protest mot Macron og mot den arbeidarfiendtlege politikken hans.