Denne veka har Det Norske Teatret premiere på sin andre framsyning av den amerikanske teaterregissøren Robert Wilson:

Den store teate­ral­ky­misten

Eit unikt rom: Gertrud Jynge speler Volva og Henrik Rafaelsen Odin i Robert Wilsons framsyning «Edda» på Det Norske Teatret. Foto: Lesley Leslie-Spinks

Det Norske Teatret står i heilspenn om dagen. Det avantgardistiske teateret sin stjerneregissør Robert Wilson er på huset til daglege prøver til framsyninga «Edda», og ingenting er som vanleg. Bortimot heile staben er dobla opp av amerikanske Wilsons entourage av eigne teknikarar, scenearbeidarar, maske- og kostymedesignerar og komponistar.

Kultur