Allereie frå dei fyrste solstrålane skar seg gjennom persiennene og gulna støvet på hotellrommet var det varmt. Ute hang klessnorer over tronge fellinianske bakgater, der vi fort møtte på Afrikanarar som smilande baud på juggel etter å ha lurt døden på turen over havet. Desse gatene var jamleg vitne til uro i åra fram til 1945. Peter Ustinov sa: Italia er 500 år med krig og okkupasjon – resultat: Leonardo da Vinci, Vivaldi, Verdi. Sveits er 500 år med fred – resultat: Gaukuret! Koko!