«Luren» av Maurits C. Hansen er ein av dei mest nasjonalromantiske tekstane elevane i vidaregåande skule les. Hansen skreiv òg den første kriminalromanen i 1839, «Mordet på Maskinbygger Rolfsen». «Luren» er ein del av nasjonsbygginga og viser oss søndagsbonden, han er hard, men rettvis og historia hans går i ei rett linje attende til Harald Hårfagre, og bonden har to bøker i bokhylla, Bibelen og Snorre.