Kva ser dei, dei som set kameraet mellom seg sjølv og kunstverket?

Stjernenatt

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

Eg elskar, nei det gjer eg vel ikkje, men eg set pris på mobiltelefonen min, nettbrettet mitt, pc-en min, alle dei tekniske dingsane som gjer arbeidsdagen, ja i grunnen alle dagar, enklare og morosamare og meir interessante. Men eg likar dårleg å ha eit nettbrett eller ein mobil, for ikkje å snakke om eit titals nettbrett og mobilar, mellom meg og ei kunstoppleving. Eller for å vere konkret: Eg vil ikkje ha lysande skjermar mellom meg og Vincent van Goghs «Stjernenatt» når eg står framfor det faktiske maleriet og endeleg får sjå det «live».

Signert