«Jeg får frysninger på ryggen». «Jeg får klump i halsen». Dette er kjenslereaksjonar som kjem når gamle originaldokument frå 1814 blir brakt tilbake til staden der dei vart skrivne. Slike kjensleladde heimreiser har det vore fleire av i 2014, dei vart ein viktig del av 200-årsjubileet. Mykje av feiringa har dreia seg om å «emosjonalisere» grunnlova, ikkje gjennom å dyrke tekst og paragrafar, men gjennom å knyte kjensler til sjølve grunnlovsdokumentet.