I året som har gått har eg skrive om mange, og vidt forskjellige, samfunnsaktuelle spørsmål som pressefridom, kapitalisme, porno og transhumanisme, berre for å nemne noko. Eg vender meg mot omverda, for alt som hender og alt som er til, og alle tankar som me menneske gjer oss skriv seg inn i skaparverket, eit skaparverk som eg trur er blitt til ved, og vert halden oppe av, ein Gud som bryr seg om det han har skapt.
Min kvardag som kristen er fylt av mystisk realisme.