eg heng nye, kvite ullsokkar på snora / så små at eg ikkje kan skjøna det / du sparkar i ribbeina / og det er så stort at eg skjøner / den vesle foten din rett under handa mi / fingrane stryk deg over solen / eg legg meg i fosterstilling / med beskyttande lår og armar / ligg vi kvar vår veg / du på veg ut / og eg på veg inn / i dette nye rommet

Kommentar