I nasjonalbiblioteket i Paris står tidsskriftrekka «Sozialistische Auslandspolitik», som blei redigert av tyskaren Paul Breitscheid mellom 1915 og 1918. Det finst berre eitt anna eksemplar av samlinga i verda: På Rjukan, i djupet av Telemark. Her står hefta saman med tusenvis av andre sosialistisk funderte bøker, tidsskrift og hefte, gjevne ut over heile Europa i mellomkrigstida. Til saman utgjer dei nesten hundre hyllemetrane «Det røde bibliotek», ei av verdas største samlingar sosialistisk litteratur frå mellomkrigstida, med vekt på teoretisk sakprosa. Korleis kunne vesle Rjukan, med si lågt utdanna arbeidarbefolkning, bli heimstad for denne monumentale bokheimen?
Knallraudt: Det er heilt usannsynleg at den uutdanna arbeidarklassen på Rjukan for hundre år sidan skulle skaffe seg hundre hyllemeter bøker om teoretisk sosialisme. Men det er også heilt sant.