Katolisisme

Angånde statskyrkje-kritikk i Klassekampen 24. august: Nei, det er slett ikkje krav om å akseptere dei katolske dogma for å bli katolikk, og det finst ingen andre kriterium for å bli medlem enn å bli (barne)døypt der: at foreldra døyper barna sine i den kyrkja. Då må ein sjølv som vaksen aktivt melde seg ut eller konvertere den lutherske vegen, om ein kjenner for det. Så kan ein stille liknande spørsmål til pavekyrkja som mange stiller til statskyrkja: Hadde det vore 1,1 milliarder katolikkar i verda utan barnedåp? At det finst kriterium for å konvertere til katolisismen, er ei anna sak. Det finst kriterium og krav om å akseptere kristne dogme om ein vil konvertere til den evangelisk-lutherske kyrkja også! Den evangelisk-lutherske trusbekjenning er enda meir lik den katolske enn det intervjuet seier, det heiter «hellig, allmenn kirke» på bokmål. Når journalisten skriv «alminneleg», då tenker eg på noko traust verdsleg, og ikkje noko allment, som vil seie universelt, som igjen vil seie katolsk. Så eigentleg kunne den evangelisk-lutherske kyrkja hatt ordet katolsk i trusbekjenninga si dei også (?), slik den anglikanske kyrkja har. Av naturlege grunnar ville dei vel kutte ut nett det ordet. Å seie at den katolske teologien er ein rasjonell og logisk teologi som heile tida er historisk forankra, seier intervjuobjektet sjølvsagt av eiga overtyding. Andre kristne vil meine at til dømes den katolske vesensendringslæra om nattverden (til skilnad frå den evangelisk-lutherske vesenssamansmelting-læra) er i overkant fantasifull og manglar røter både i Tradisjonen og i Bibelen.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Innenriks

Fiskeri

At torsken koster mer enn før, gleder sjark­fis­ker Tom Richard Kristi­ansen. Samtidig ber han poli­ti­kerne ta tak i leve­rings­plikta til trålerne.

Valg 2025

Tross intern krangling gjorde Ap i Sør-Trøndelag et kjempevalg. Trond Giske lover å bruke stortings­plassen til å ta arbei­der­vel­gere tilbake fra Frp.

Reportasje

Her gjorde SV et brakvalg