Sei opp EØS-avtalen

Det blir stadig vanskelegare å føre ein aktiv distriktspolitikk her til lands. Mykje av dette kan vi takke EØS-avtalen for. Kjernen i EØS er å sikre fri flyt og hindre konkurransevridande ordningar. For EU betyr like konkurransevilkår at det ikkje skal kompenserast for ulemper. Noreg er eit spesielt land mellom anna når det gjeld dei store avstandane. For å oppretthalde spreidd busetjing og levedyktige lokalsamfunn, er det viktig å førebygge skeivskap som følgje av ulike konkurransevilkår. Dette er forbode i EU. Vi får ikkje lov å kompensere for perifer lokalisering, lite folketal og tøffare klima. Når EØS-avtalen vart ratifisert, vart det sagt av statsminister Gro og Ja-folka at avtalen ikkje ville få distriktspolitiske konsekvensar. Mange forhold dei siste åra viser tydelege brot på desse føresetnadane. Dei illustrerar at EØS-avtalen er ein husmannskontrakt som øydelegg for fornuftige politiske løysningar. Derfor må avtalen seiast opp, og erstattast av avtalar, som gjer det mogleg å bruke fornuft.

Innenriks