Kvifor sokk Estonia?

Estonia sokk i Østersjøen 28. september 1994. 852 menneske drukna. Den svenske regjeringa lova å heve vraket, årsaka til katastrofen skulle finnast, koste kva det koste ville. Lovnaden vart ikkje innfridd. Estonia lå ikkje på særleg djupt vatn. Likevel kom regjeringa til å gå mot alle krav om at båten skulle hentast opp til overflata eller i alle fall at kroppane til dei drukna skulle opp. Forklaringa på ulykka som gjeld den dag i dag er den same som styremaktene vart samde om berre nokre timar etter forliset, utan ei einaste teknisk undersøking av kva som hadde skjedd. I 1997 slo granskingsrapporten fast at årsaka til ulykka var feil på låsemekanismen til baugporten. Mannskapet hadde ikkje raskt nok fått ned den store farten til skipet. Difor vart den tunge baugporten reven laus av bølgjene. Vatn strømde inn over bildekket, ferga fekk slagside og måtte kantre. Dette har vore det offisielle ulykkesbiletet.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Innenriks

Hotelleier og lokal­po­li­tiker for Bygdelista i Måsøy Logen Kart­hige­san ber om krisegrep for Finnmark: null skatt i fem år.

Arbeidsliv

Bare én av tre arbeidere på to av Norges største bygge­plas­ser har tariff­av­tale. Flertallet er uten­lands­ke arbeidere, og svært mange har ikke fagbrev.

Palestina

RU og FOR deltek i støttedemo for Palestina 7. oktober