Økonomisk hemsko

I Klassekampen førre veka hadde Kåre Lunden ein større artikkel om eit slags svensk-norsk bokverk om unionen mellom dei to landa, der han kritiserte forfattarane. Sist laurdag fekk han svar av den svenske forfattaren Bo Stråth, professor i samtidshistorie ved Europauniversitet i Firenze. Stråth skriv der at «En aggresiv og reaktionär storsvensk nationalism i spåren av ekonomisk kris og protektionistisk politikk betingade framväxten av en aggressiv norsk nationalism, vilkade tilsammans drog isär og polariserade inta bare mellom unionsländerna utan også innom dem.» Underforstått den «elake nationalismen», som han seinare skriv, reiv sund dette samarbeidsprosjektet som i perioden 1830 til 1870 utvikla ein institusjonsbyggande og framsynt politikk, i fylgje Stråth. Deretter går han over til å hevde at Lunden hoppar hekk over «kjeldorna og faktiska data». La oss sjå litt på kva faktiske økonomiske data kan seie om unionen. Angus Maddison, som har arbeidd med økonomihistorie, har samla data for økonomisk vekst i mange land. Årlege tal for bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggar for både Noreg og Sverige finst frå 1865. Tala er å få i frå OECD. Maddison sine tal syner at den gjennomsnittlege årsveksten i BNP per innbyggar i perioden 1866 til og med 1905 var 0,93 prosent i Noreg og 1,55 prosent i Sverige. Om denne utviklinga hadde halde fram, ville Noreg ha enda som eit fattig land. Straks etter unionsoppløysinga syner tala til Maddison at den økonomiske veksten i Noreg skaut fart slik at vekstraten raskt passerte den svenske. Frå 1906 til og med 1966 (godt før oljeinntektene tok til å strøyme inn) var vekstraten 2,48 prosent i Noreg og 2,3 prosent i Sverige. Om Maddison sine tal gjev eit nokolunde rett bilete av den verkelege utviklinga, tyder dei på at unionen med Sverige etter kvart vart ein kraftig bremsekloss for den økonomiske utviklinga i Noreg. Det må dei norske leiarane og folket ha sett lenge før 1905. Maddison sine harde data bankar såleis fast at bak det Stråth kallar ein «aggressiv norsk nationalism», låg der tunge økonomiske grunnar for å bryte ut av ein union som var sterkt hemmande for Noreg.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Innenriks

Ytre høyre

Har invitert AFD til «remi­gra­sjons­kon­fe­ranse»

Skatt

Formues­skatten er ikke spesielt skadelig for bedrifter, ifølge oljein­ge­niør og SV-politiker

Skatt

Høyres kutt i formues­skatten vil koste 21 milliarder for staten. Det er helt nødvendig, ifølge nærings­livstopp Arild Spandow.