Nordmenn – norskarar – norskinger

Den norske revolusjonen vart det ingenting av. Som kjent skal fiaskoen ha hatt ein samanheng med at vi aldri vart samde om korleis ordet skulle stavast – «revolution» eller «revolusjon».Det skulle trengast større samhald for vellukka nasjonsdanning enn for revolusjon, lyt ein tru. Difor er det venteleg eit dårleg teikn for den norske nasjonen at vi aldri har funne ei samlande nemning for oss sjølve. «Nordmenn» seier vel dei fleste. Men om vi tek min bestefarsgenerasjon av småbønder i Sunnfjord, fødde i 1860- eller 1870-åra, så brukte dei ikkje dette ordet. Det gjaldt i alle fall det fleirtalet av dei som i ungdomen hadde tent seg dollar som framandarbeidarar i skogen i Tacoma. «Norskarar» var det dei kalla seg sjølve, når dei der borte trefte saman i slagsmål eller pokerspel med svenskar og andre utlendingar. Eg lurte litt på kvifor bestefedrene snakka slik, men fekk inga forklåring på det. I dag tippar eg på at dei valde «norskar» i opposisjon til det dei opplevde som preste- eller festtalar-språk, og «Nordmandsforbundet»: Melken sød at drikke,/Sirupskrukken slikke/Var ei Nordmands Viis./ Heller ikkje i 2005 er det alle som vil vite noko av «nordmann». «... sosialantropologer og sosionomer betrakter norskinger flest som respektløse og bigotte», skriv til dømes Thomas Hylland Eriksen (Dagbladet 11. april). Og «norsking» er den nemninga han og andre intellektuelle, helst av det slaget som eg har kalla «nasjonalpejoristar», brukar, har eg sett. Eg trur ikkje at desse intellektuelle i 2005, meir enn skogsarbeidarane i Tacoma ca. 1900, har forklåra uttrykkeleg valet av nemning. Men eg tippar på at forklåringa i begge tilfelle har noko sams. Begge partar finn vel ein viss sjåvinime i «nordmann»? Likevel ligg det neppe ein slik proletaropposisjon i «norsking» som eg ser i «norskar». Snarare uttrykkjer «norsking» avstand også til sjølve fenomenet, ikkje berre til nemninga? («Norskarane» i Tacoma rekna seg visseleg like gode til å slåst som svenskane, gjekk det tydeleg fram.)Eg trur altså at det ligg ein viss ambivalens til det norske, ein svak nasjonal identitet, i vaklinga med omsyn til nemning for oss sjølve. I alle fall i ordet «norsking». Kanskje er dette vel og bra? Men det kunne vere høveleg i jubileumsåret for 1905 å tenkje over også dette nemningproblemet? Er det eit problem? Kva tyder det, og korleis bør vi eventuelt løyse det?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Innenriks

Reportasje

Hva er det mest isra­elvenn­lige sted på denne jord? Sokndal i Rogaland, mener Benjamin Netanyahus egen presse­rådgiver. Men i dag samles bygdas palestina­venner offentlig for aller første gang.

Psykologi

For tre år siden ble det innført en kvali­tets­kon­troll av psyko­logers arbeid i barne­for­de­lings­saker. Det har ikke hjulpet, mener advokater.

Fagbevegelse

Valget av Felles­for­bundets nye ledelse etter Jørn Eggums avgang utsettes til august. Flere tillits­valgte skulle heller sett at det ble innkalt til ekstra­or­dinært landsmøte.