Nestleiar Lars Peder Brekk presenterte i går Senterpartiet sitt stortingsvalprogram utan å detonera store bomber. Men partiet varsler no omkamp om ei av prestisjesakene til Arbeiderpartiet: Helsereforma der staten fekk ansvar for sjukehusa. Det var eit feilgrep, slår Senterpartiet fast.