Minneord om Per Borten.

Per Borten vil i lang tid bli hugsa av mange, som partileiar, parlamentarikar og statsminister, og som ei kritisk røyst i samfunnsdebatten fram til livet tok slutt. Tidleg på 1960-talet fornya han partiet sitt. Bondepartiet hadde skifta namn til Senterpartiet, og visjonen var at partiet skulle opne seg for nye folkegrupper og vinne innpass i byane. Og lenge gjekk det bra. Partiet styrka seg over alt i landet. Borten var serleg oppteken av å få med seg studentar og intellektuelle. Samtidig satsa han på å styrkje samarbeidet mellom sentrumspartia. Også det arbeidet gav resultat. I 1965 vart det skipa ei ikkje-sosialistisk fleirtalsregjering med politisk tyngdepunkt i sentrum, og med Per Borten som statsminister. Den nye regjeringa avløyste eit mangeårig Ap-styre, men politikken var å vidareføra utbygginga av velferdsstaten, som var det viktigaste prosjektet i norsk etterkrigstid. Regjeringa stod for ei utdjuping av velferdspolitikken, med sikte på at goda skulle nå fram til alle, til personar og lokalsamfunn. Denne udramatiske startfasen vart etter få år forstyrra av EEC-spørsmålet. Det såg ut til at England ville bli medlem av EEC, og her hjå oss var det eit utanrikspolitisk credo at Noreg måtte gjera som britane. Det bygde seg opp indre spenningar i koalisjonen, og serleg i statsministerens eige parti. Samarbeidspartnarane slapp med skrekken, for Frankrikes president De Gaulle stengde døra for England. Det var i ettertid av denne opplevinga Per Borten med stor iver gjekk inn for ideen om å tømre saman eit tett nordisk økonomisk samarbeid (Nordøk). Det var han sjølv og staben rundt han som dreiv prosessen frå norsk side. Den store iveren kan forklarast vel så mykje politisk som økonomisk. For om Nordøk kom på plass ville det bli lettare å takle EEC-saka når ho kom på nytt, tilknytingsforma måtte i tilfelle ta utgangspunkt i at Nordøk då var ein realitet. Her tenkte Per Borten strategisk, han forsøkte å vera i forkant av utviklinga, men i dette tilfellet førde ikkje planen fram. Regjeringa Borten gjekk i oppløysing i 1971. Det var ei kritisk tid i Per Bortens politiske liv. Han var sjef for ei regjering som hadde søkt medlemskap i EEC, forhandlingar med Brussel var i emning. Samtid vaks motstanden ute i folket, og spenninga innan koalisjonen vart etter kvart så intens at ei krise var uunngåeleg. Då krisa kom, var det ikkje i Per Bortens regi. Men han henta seg fort inn og hausta mykje sympati. Sikkert er det at Per Borten heile tida var grunnleggjande skeptisk til EEC (seinare EU), og at han vart oppfatta slik i opinionen. Etter at krisa var over, vart han ein frontfigur på nei-sida og medverka sterkt til at folket sa nei til EEC i 1972. Det som her er nemnt tilseier at Per Borten får ein viktig plass i norsk moderne historie. Og meir kan leggjast til, med tanke på framtida: Før han gjekk bort såg han som mange andre med uro på forfallet i politikken, krisa i demokratiet, så vel nasjonalt som internasjonalt. Mangt av det han observerte stod milevis frå dei ideal han sjølv hadde til politikken, og til rolla som politikar. Desse ideala minte han oss om fram til han døydde, og dei må ikkje gløymast i tida framover. Sjølv la han vekt på å legitimere si makt ved alltid å stå for vanlege folks politiske og demokratiske rettar. I si tid i offentleg politikk skaffa han seg eit stort kontaktnett. Som statsminister, då han hadde makt til det, tok han kampen opp mot ulovleg overvaking av norske borgarar, han tok initiativ for å gje folk høve til innsyn i dei offentlege sakene. Han viste ekte interesse for folks ve og vel. Og så kunne han snakke med og til folk, og var ein framifrå kommunikator i radio og på tv. Folkeleg tale, at han stod fram trygg og romsleg, gjorde mykje til at Borten vart populær i folket. Då Per Borten i si tid vart kalla til Kongens bord skreiv ei utanlandsk avis at den nye norske statsministeren var ein meister i «å kutte debattar». Det var ein merkeleg påstand. Per Borten tok seg som oftast god tid, han let diskusjonen gå lenge, stimulerte samtalen. Og var han sjølv i tvil om kva utfall som var det rette, ville han vinna tid slik at han og andre kunne tenkja seg om. Denne leiarstilen kunne skapa friksjonar, men kan og forståast som forsøk på sjølv å ha kontroll over dagsorden, heller enn å bli riven med omstenda rundt. Når det storma rundt Per Borten sa han gjerne at han tok situasjonen «med stor ro». Då humra det i forsamlinga av journalistar på pressekonferansane. Dette typiske utsagnet bør og hugsast på når vi ein gong tek fatt på å tilføra politikken og demokratiet ein ny giv.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Innenriks

Klima

Ines Severino kjøler seg ned i havet, men både hun og klima­fors­ker frykter følgene av varmen

Reportasje

Sarpsborg har gått fra å være Ap-bastion til Høyre-kommune, og nå virker det som vinden snur igjen. Lærer Paola López tror sarpingene har mistet trua på politikken.

Gaza-krigen

Regje­ringen ser an frihan­dels­av­talen med Israel. Den har også betydning for Norges handel med Palestina, ifølge stats­sek­retær Tomas Norvoll.