Den kvinnelege patriark

Sigrid Undset«Essays og artikler 1910 – 1919»Aschehoug443 siderUtvalg, forord og etterord ved Liv BliksrudAschehoug forlag er i ferd med å gi ut fire band essay av Sigrid Undset. Det eine bandet som ligg føre, dekkjer perioden 1910-1919, og er vitnemål om ein forfattar i idémessig utvikling, i retning av katolisisme og ei markert konservativ innstilling til kvinnesaksspørsmål. Essaya spenner over eit breitt spektrum av litterære og sosiale emne, og i tillegg inntrykk frå opphald i Tyskland og Italia. Dei tyngste bidraga har med kvinnespørsmålet å gjere. Det er gledeleg at det blir satsa på ein slik publikasjon, etter ei tid der forskinga har neglisjert den idéhistoriske dimensjonen av litteraturen. Ein måte å nærme seg Undsets tankeliv på, kan vere å sjå det i samanheng med ei anna markert røyst frå same perioden: Knut Hamsun. Politisk fekk Hamsun og Undset svært ulike lagnader, den eine forrædar og den andre helt, og dei var personleg ikkje på talefot med kvarandre. Likevel er det eit faktum at dei på mange vis var barn av det same, reaksjonære intellektuelle klimaet som oppstod før og under første verdskrigen. Parallellane i livssyn er ikkje få: begge har røter i den tidstypiske livsfilosofiske reaksjonen og er urolege over at det moderne industrisamfunnet kan undergrave tradisjonelle verdiar og setje tryggleik og trivsel i fare. Begge har ei levande kjensle av at utviklinga er kome på avvegar og uttrykkjer nostalgi tilbake til det gamle patriarkalske, familiebaserte næringslivet, og hånar «den åndløse materialisme», som pengepugeri, kommersialisme og turisme og dei kjenner seg begge framande overfor både kulturradikalisme, arbeidarrørsle og sosialisme. Den store livsfilosofiske grunnmotsetnaden i tilværet går hos begge mellom Kulturen, den organiske, prekapitalistiske livsforma som blir truga av den mekaniske sivilisasjonen som undergrev, eller koloniserer, som det heiter i dagens Habermas-språk, den tradisjonsbundne «livsverda», for ein gong til å halde oss i den moderne uttrykksmåten. Det er såleis på sin plass når Liv Bliksrud i etterordet hevdar at Undset gjer front mot «den instrumentelle» tenking, som vi kjenner så godt frå Skjervheims dagar, uten at dette inneber at Skjervheim eller Habermas bruker dette skjemaet på same erkekonservative måte som dei to norske nobelpristakarane.Men innanfor denne idéhistoriske ramma er kontrastane mellom dei til dels skarpe. Det gjeld både sosial og religiøs innstilling. Liv Bliksrud er kanskje vel dristig når ho hevdar Undset i den tidlege fasen var «ateistisk». Også hos den unge diktaren er der ein transcendent, heilag dimensjon, med ein gud som skil seg frå den reine religionens gud, som er skilt frå menneska, ved å vere eit menneskeskapt, det vil seie manneskapt, opphøgt vesen, omtrent som ein regulativ idé (hos Kant), ei ledestjerne for menneskeleg livsførsel. Derfor, seier Undset, blir Gud «aldri ferdig fra våre hender», og ho føyer til: «Alt kulturarbeid er gudsskapende». Undset er ikkje dekadent, kultur er for henne «ydelse, anspennelse», og menneskets mål som kulturvesen er å bli «Gud likt og kjenne ondt og godt.»Undset har til forskjell frå Hamsun inga helling mot nihilisme og menneskeforakt. Som i det litterære universet til Duun får det hos Undset føre seg ein kontinuerleg etisk refleksjon. Ho reagerte da også spontant på Hamsuns rop på galgen («strikken») i samband med barnemordsakene, rundt 1915. Det sosiale medvitet til Undset er knytt til ein idé om «moderlighet», men som går langt ut over den som bygg på morsinstinktet, men omfattar ei omsorg for menneskeætta som heilskap. Der Hamsun er sosialdarwinist og meiner at alle som ikkje klarer seg sjølve, fortener å gå til grunne, inntar Undset eit humanistisk standpunkt. Sjølv om også Undset etter kvart utvikla rasistiske haldningar, iallfall mot tyskarane, er ikkje rasismen hos henne så «filosofisk» og gjennomført som den er hos Hamsun og prefascismen, som gir oppdelinga av menneska i ulike rasar forrangen framfor einskapen.Det er vel kjent at Undset familiært var disponert for å vere engelskvennleg, men ho gjer også front mot den politiske reaksjonen etter Napoleons fall, medan Hamsun var elev av Schopenhauer, som var den mest typiske eksponenten for restaurasjonstidas (1815-30) filosofiske fatalisme. Undset er i utgangspunktet ikkje fatalist, ho avviser å tale om «utviklinga» som ei uavvendeleg lagnadsmakt, slik vanen gjerne var på denne tida, ikkje minst innanfor den tyske sosialismen. Likevel kan Undsets resonnement ofte verke fatalistiske, fordi ho har ein lei hang til å eviggjere tidsbestemte og forbigåande historiske fenomen, så som til dømes kolonialismen. Den let til å vere uovervinneleg, og ikkje berre det: ho er skeptisk til at suffragettene (den militante engelske kvinnerørsla) skal få gjennomslag for kvinneleg stemmerett – fordi England etter seiande treng det «mest virile styre» (!) for å ta seg av imperiets interesser. Men på den andre sida: trass i hennar angst for at «åndløse horder» skal kome til makta, har ho ingen panikk for sosialismen à la Hamsun. Ho tar det tvert om (i 1918) for gitt at vi vil få ei eller anna form for sovjetstyre.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Innenriks

Krim

Metkel Betew var farlig for samfunnet, men også en kjær sønn, bror og venn.

Asyl

Frode Forfang var Norges asylsjef i tolv år. Nå tar han et kraftig oppgjør med hele asylsys­temet.

Skole

Osloskolen stenger internett for de yngste elevene. Kunnskaps­minister Kari Nessa Nordtun (Ap) mener de ikke tar hardt nok i.