Charles Robert Darwin

Charles Robert Darwin er vitskapsmannen som meir enn nokon annan har gjeve oss kunnskap om livet si historie på jorda. Den breie kulturelle retninga som kom til å bera namnet hans revolusjonerte naturvitskapane og fekk enorme konsekvensar for det rådande menneskebiletet. Charles vart fødd i England i 1809. Han studerte både medisin, som faren og farfaren, og teologi, før han hamna på rett fjøl. Heilt sidan gutedagane hadde han hatt forbløffande iver og talent for å samla og klassifisera geologi, flora og fauna. Dette hadde botanikkprofessoren John Henslow lagt merke til. I 1831 spurde han Darwin om han ville bli med på ein ekspedisjon i regi av kaptein Robert FitzRoy, med mål om å kartleggja kystområda på den sørlege halvkula. I fem år reiste Darwin med skuta H. M. S Beagle som geolog og biolog. Det var på denne ferda Darwin samla storparten av det som seinare skulle utgjera empirien i forskinga hans. I Sør-Amerika fann han fossil av utdøydde dyr, som likna moderne artar. På Galapagosøyene studerte han ulike finkeartar, som hadde ulikt levesett og spesialiserte nebbformer, men truleg likt opphav. Etter mange års systematisering publiserte Darwin verket «On the Origin of Species» («Om artenes opprinnelse») i 1859. Der sette han fram teorien om evolusjon (utvikling) gjennom naturleg utval. Inkje skulle nokon gong bli det same.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Innenriks

Barnevern

Færre aktører er nøkkelen for å hindre kriminelle aktører i å få fotfeste, mener utvalgs­leder Erik Stene. Men barne- og fami­lie­mi­nister Lene Vågslid (Ap) svarer at omor­ga­ni­sering er ikke løsningen.

Kraft

NRK legger skylda for tomme vannma­ga­siner på norgespris og vanlige folks strøm­for­bruk. Rødt og LO reagerer på fremstil­lingen.

Ved veis ende

Kong Harald V var en folkekjær konge, også blant re­pub­li­ka­nere. Vi spurte folk på venstre­sida:1. Hvordan vil du huske kongen?2. Hvorfor har kongen vært så populær blant repub­li­ka­nere og venstre­ra­di­kale?