Kunst eller kvinne­un­der­trykking?

Silje Stavrum Norevik meiner å representere ei meir intellektuelt fundert feminisme enn Kvinnefronten (Klassekampen 15. november). Ho proklamerer at ho skriv som sosialist, feminist og fritt tenkande subjekt. I motsetning til oss? Eg skal ha saksa vilkårlege bitar av innlegget hennar og skapt eit fragmentert og subjektivt virkelighetsbilete. Av kva då? Er det ikkje slik at vi faktisk er usamde, Norevik? Du er usamd i vår klage på Ikeas sofa-kalendar til Forbrukarombodet. Du meiner reklamen vi klaga inn ikkje er spekulativ og kvinneundertrykkande, men «et bilde med sterk kunstnerisk valør». Og du meiner at feministar skal føre kvinnekampen heilt andre stadar enn «foran plakatene på storkapitalens kjøpesenter». Kvar då? Kvar er det dei «intellektuelle» studentane synes det er interessant å føre kvinnekamp i dag? Sidan vi ser så lite til dykk, meiner eg? Du ynskjer å bidra i debatten som set politisk agenda for kva feminisme vi vil ha. Dersom vi er samde om at vi manglar likestilling og at målet er kvinnefrigjering, kan vi ikkje då tenke oss at det finst mange vegar dit, og at alle kan bidra litt? La oss diskutere det faktiske biletet, og ikkje kven som har rett til å definere «rett» feminisme.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Innenriks

Smarttelefon

En bør være 18 år for å kunne bruke smart­te­lefon, mener 550 av kollegaene hans. Psykolog Rune Aune Mentzoni er kritisk.

Skjerm

Smart­te­le­foner ødelegger for unges utvikling. Psykolog Kjersti Kjerschow Lohne tok derfor initiativ til et opprop – og får nå støtte av 550 kollegaer.

Menneskerettigheter

På et lukket møte i Oslo denne helga signerte 15 iranske eksil­grupper en menneske­ret­tig­hets­er­klæ­ring. Tilrette­legger Mahmood Amiry-Moghaddam kaller den «unik».