I går demonstrerte sjukehusaktivistar i indre Sogn enda ein gong for å forsvara fødetilbodet ved sjukehuset i Lærdal, og vel 200 møtte fram. I siste liten måtte parolane for demonstrasjonen omformast. Ein planlagd protest mot ei ulovleg fødestove vart i staden ein protest mot vinglinga i Helse Førde, og krav til helseministeren om å sikra ei fullverdig fødeavdeling.