Skjerpa kamp mot lokal lønn

Lønn basert på prestasjonar og personvurderingar, det vil ikkje Utdanningsforbundet ha. Men kor hardt kampen mot lokale forhandlingar skal førast, det er ikkje deltakarane på landsmøtet einige om.

Ein intens debatt om lokale lønnsforhandlingar prega andre dagen av landsmøtet til Utdanningsforbundet. Delegatane hadde i utgangspunktet to framlegg å ta stilling til. Det eine framlegget var sentralstyret sitt, som seier at ein skal leggja hovudvekta på sentral lønnsdanning. Det alternative framlegget seier at ei nødvendig heving av lønnsnivået og ei rettferdig fordeling er «uforenlig med et lønnssystem som baseres på lokale forhandlinger og på individuelle prestasjonsvurderinger», og krev ein aktiv innsats mot lokale lønnsforhandlingar. Dette hadde i utgangspunktet støtte frå fem fylkeslag, fleire melde seg i løpet av debatten.

Innenriks