Usemje om skytefelt

SKYTEFELT: – Regionfelt Østlandet er ikkje planlagt med tanke på utanlandske styrkar, seier forsvarspolitisk talsmann for Høgre. Men Forsvarets Overkommando ønsker Nato velkommen.

Omlegginga av Forsvaret og utvikling av moderne våpenteknologi er dei viktigaste argumenta for at Forsvaret i framtida vil ha bruk for eit så stort skytefelt som Regionfelt Østlandet (RØ), på 193 kvadratkilometer i Åmot kommune i Østerdalen. Men i spørsmålet om kven som skal bruka det nye skytefeltet, som etter Forsvaret sine planar skal stå ferdig i 2005, er det ulike meiningar.

Innenriks