Mange har hatt glede av John Cleeses vri på Bush-klassikaren "Vondskapens akse".Denne spalte kjenner sitt ansvar, og skal i dag sjå nærare på ein annan amerikansk PR-suksess: Koalisjonen av Villige (Coalition of the Willing, også kalla Coalition of the Billing).Då Høgres forsvarspolitikar Bjørn Hernæs nyss var i opphissa radiodebatt med bladstyrar Braanen, leksa han opp "spanske styrker" som del av felttoget mot Saddam Hussein, som Hernæs støtta heilhjerta sjøl om han presiserte at han ikkje støttar sjølve krigen.