Antiin­tel­lek­tua­lisme som strategi

Vi diskuterer om antiintellektualisme er eit viktig/interessant drag ved «ml-rørsla» i Noreg, altså hos marxist-leninistane som har organisert seg i SUF (m-l), AKP (m-l), Raud Ungdom og nærliggjande organisasjonar frå 1969 og nokre tiår deretter. AKP-ar Tone Beate Windingstad baserer sin analyse av spørsmålet om (m-l) og antiintellektualisme på at «personlig har jeg ikke noen erfaring med det» (innlegg 4. januar). Kanskje kan andre kjelder også vera interessante å sjå på. Eg har sett på nokre som kan underbyggja ein påstand om at ml-rørsla kunne vera både skolastisk (spissfindig dyrking av visse intellektuelle autoritetar) og antiintellektuell, samtidig. Påstanden om skolastiske tendensar reknar eg som ukontroversiell, den treng ikkje dokumentasjon. Skolastikken fungerer som strategi for å forsvara Den sanne lære. Antiintellektualismen kan på si side vera ein strategi eigna til å driva vekk brysame utfordringar av dei sentrale sanningane i denne læra. Fyrste kjelde: Det heiter i Sentralkomiteen i AKP (m-l) sine Teser om høyreavviket (viktig dokument, september 1975): «Det er verdt å merke seg at disse feila (høgreavvik, red.anm) spesielt dukker opp i småborgerlige miljøer, blant kamerater i partiet og ungdomsforbunda med tilknytning til den radikale småborgerlige intelligensiaen –». Det «kleber» liksom noko ved dei intellektuelle. Ordlyden som står kan vera sannferdig i den aktuelle situasjonen, for alt eg veit. Men det er også sant at ml-rørsla har visst å mobilisera antiintellektualismen når det har passa seg slik. Andre kjelde: I Materialisten (Tidsskrift for teoretisk kamp, utgitt av AKP (m-l) på universitetet i Oslo) kunne lesarane i 1976 sjå signaturen TS driva tilbake påstandar om at arbeidarklassen var undertrykt i Sovjet under Stalin. Materialisten understrekar at det er «et faktum at arbeiderklassen i Sovjet fortsatt ærer minnet om Stalin. Bevis på dette kommer fra mange kilder.» Beviset får vi via ein journalist i Der Spiegel, som til si store forundring hadde oppdaga at «Stalin var høyt ansett blant massene av russere»: «Dette synet fant jeg riktignok ikke blant den borgerlige intelligensiaen. [?] Dschennadi, som var bokholder ved et statsbruk, fortalte: 'Intelligensiaen drømmer kanskje om demokratiet, men folkets brede masser drømmer om Stalin – om hans styrke'». Materialisten har ingen kritiske kommentarar til dette. Stalinregimet var antiintellektuelt på den mest reaksjonære måten. Partiet (staten/Josef Stalin) hadde rett. Punktum. Slik Paven i si tid hadde rett, og fengsla den som nekta for at jorda var flat. Ein kan lika eller ikkje lika at den stalinske arven var del av norsk (m-l), men det er eit historisk faktum. Eit tredje døme, som illustrerer dette: Ml-arane ved Filosofisk institutt på Universitetet i Bergen meldte seg ut tidleg i partiprosessen. Kjettarane i Bergen hevda teoretisk arbeid og indre skolering var for lågt prioritert. Ergo var dei «intellektuelle svermere» i AKP (m-l)s auge. Vi finn neste sitat i Hva må gjøres, organet for ml-studentane i Bergen, våren 1973: «På Filosofisk institutt produserer man stensiler og avholder seminarer. Tid, penger og klassekampens strenge prioritering legger ingen restriksjoner på de endeløse diskusjonene – Et slikt intellektuelt miljø kan være verdifullt dersom det overvinner sin trang til teoretisering løsrevet fra praksis og underlegges et kommunistisk partis samla og disiplinerte arbeid på det teoretiske området». Eit intellektuelt miljø kan vera verdifullt, altså. Berre det underlegg seg Partiet. Slik også Paven har underlagt seg sine «intellektuelle». Morten Falck (9. desember) har nok rett i at sosialdemokratisk antiintellektualisme (Jagland) er verst. Opp mot null-teori-lina, sette AKP (m-l) Dei fem store (Marx, Engels, Lenin, Stalin, Mao). Det er eit framsteg å gå frå ingen teoretikarar til fem. Der og då kan det sikkert framstå som litt av eit løft også. Hadde vi vore stort sett analfabetar og fattigbønder i Noreg på 1970-talet, ville kanskje (m-l) til og med vore eit intellektuelt respektabelt prosjekt. Men i eit land med folkebibliotek, obligatorisk skule, fleire universitet, 100 års tradisjon for parlamentarisme og så vidare kan det vel tenkjast at det er i alle fall litt antiintellektuelt å persondyrka autoriteten til Dei fem store (som år etter år ruva over leiarspalta i Klassekampen). Og det er i alle fall antiintellektuelt å tru at sanningane i samfunnsforskinga kan vera underlagt «klassekampens strenge prioritering», slik dei til ei kvar tid er definert av Sentralkomiteen.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Innenriks

Klima

Regje­ringen er kun én stemme fra flertall for nytt klimamål på 70–75 prosent kutt innen 2035. Nå må Ap på frierferd i Stortinget.

Kraft

Fosen-saken har gjort kraft­utbygging vanske­li­gere, mener Statnett. Likevel går byggingen av nye monster­master i Finnmark for fullt.

Arbeidsliv

Utdan­nings­for­bundet krever endringer for å hindre masseflukt fra yrket barne­hage­lærer.